Introduksjonsveka for DAFE 1000 vinteren 2018

Målet med denne veka er å vise relevansen av matematikk og, ikkje minst, bruk og implementering av numeriske metodar i matte-undervisinga for data-ingeniørar.

 

Til det har vi vore så heldige å få fleire inspirerande motivatorar med på laget:

Aiko Yamashita vil prate om matematikk i datagrafikk og data science

 

 

Ismail Hassan kjem til å prate kryptering

 

Henrik Lieng vil vise oss at matematikk er heilt grunnleggande innan bildebehandling

 

 

 

André Brotkorb vil prate litt om differensiallikningar og konserveringslover

 

 

Kursansvarleg – for introveka og resten av kurset – er Sølve Selstø.

 

 

Vi vil bruke det meste av tida til å løyse diverse utfordringar i grupper. Oppgåvene de vil få, finn de her.

Det er verd å nemne at det studentane fekk til i oppgåve 5, var imponerande!

 

 

 

Her er programmet for veka.

Vi vil komme innom mange rare tema denne veka. Men alle vil ha med matematikk å gjere, og verktøyet MATLAB vil stå sentralt i alt vi gjer.

Her kan du lese korleis du installerer MATLAB på maskina di.

Før vi begynnar på desse oppgåvene, vil jobbe litt med oppgåver frå boka «Praktisk introduksjon til numeriske metodar», som vi også vil bruke i resten av kurset.

Vi minner om at du bør stille med pc/mac til introduksjonsveka. Om dette er problematisk, har vi nokre utlåns-maskinar.

I tillegg er det ein klar fordel om du kjem med MATLAB ferdig installert og har skaffa deg numerikk-boka før vi begynnar.

De vil få ein heil del MATLAB-kode til hjelp for å løyse desse oppgåvene. Alle dei aktuelle filene kan lastast ned her.

I tillegg vil du få bruk for nokre bildefiler.