Introduksjonsveka for DAFE 1000 vinteren 2020

 

 

 

Vi ønsker å få vist dykk at matematikk er relevant – også for dataingeniørar. Og så vil vi gjerne vise dykk at med det rette utstyret – og nokre linjer kode – kan du få løyst det meste.

 

Det er mange dataingeniørar som har fått oppleve at matematikken dei lærte, var nyttig i arbeidslivet. Og der er mange matematikarar og fysikarar som har fått erfare at programmering er ein svært sentral del av matematikken.

I denne intro-veka skal vi løyse ein del oppgåver knytt til bruk av matematikk og numerikk-programvare. Ein del av dei er ganske vanskelege ...

I tillegg vil vi få høyre inspirerande føredrag frå fleire dyktige fagpersonar – både innanfor og utanfor OsloMet. Vi er så heldige å få besøk av følgande ekspertar:

Anne-Cecilie Riiser er IT-direktør ved Meteorologisk institutt og har lang erfaring med IT og realfag.

 

Are Magnus Bruaset har lenge vore leiar for Scientific Computing-avdelinga ved Simula, og er leiar for eX3.

 

André Brodtkorb, har lenge vore tilsett ved SINTEF. Har har også jobba her på vårt institutt men har no begynt i ny jobb på Meteorologisk institutt. Han kjem til å prate litt om differensiallikningar og konserveringslover.

Her finn du presentasjonen hans.

 

Henrik Lieng, ein av våre eigne her på IT ved OsloMet, har gjennom fleire år undervist programutvikling. Han kjem til å fortelje oss om datagrafikk og bildebehandling.

Hugo Hammer er også ein av våre eigne. Han er leiar for AI-laben vår. Hugo kjem til å fortelje oss litt om kunstig intelligens og maskinlæring.

 

Kursansvarleg – for introveka og resten av kurset – er Sølve Selstø.

 

Vi kjem til å bruk det meste av tida til å løyse diverse utfordringar i grupper. Der er premiar å hente for dei som klarar dei aller mest hårete oppgåvene.

Vi kjem innom mange rare tema denne veka:

·        Kryptering

·        Temperatur- og bølgedynamikk (differensiallikningar)

·        Signal- og bildebehandling

Ta gjerne ein kikk på bilde-manipuleringa til studentane frå kullet før dykk.

Men alle oppgåvene har med matematikk å gjere, og verktøyet MATLAB vil stå sentralt i alt vi gjer.

 

Difor er det veldig fint om du får installert MATLAB på pc-en din før introveka startar.

Her kan du lese korleis du kan få installert MATLAB.

Før vi kjem i gong med oppgåvene vi skal løyse, skal vi lære oss litt grunnleggande MATLAB-syntaks. Difor bør du også ha skaffa deg læreboka vi skal bruke i numeriske metodar.