Introduksjonsveka for DAFE 1000 vinteren 2019

 

 

 

Målet med denne veka er å vise relevansen av matematikk og, ikkje minst, bruk og implementering av numeriske metodar i matte-undervisinga for data-ingeniørar.

 

Det er mange dataingeniørar som har fått oppleve at matematikken dei lærte, var nyttig i arbeidslivet.

Og der er mange matematikarar og fysikarar som har fått erfare at programmering er ein svært sentral del av matematikken.

I denne intro-veka skal vi løyse ein del oppgåver knytt til bruk av matematikk og numerikk-programvare. Ein del av dei er ganske vanskelege.

I tillegg vil vi få høyre inspirerande føredrag frå fleire dyktige fagpersonar – både innanfor og utanfor OsloMet:

Anne-Cecilie Riiser er IT-direktør ved Meteorologisk institutt og har lang erfaring med IT og realfag.

Ismail Hassan, tilsett her ved insitutttet, prata om kryptering.

 

 

 

 

 

André Brotkorb, litt her ved IT-instiuttet, mest ved SINTEF, prata litt om differensiallikningar og konserveringslover

 

Kursansvarleg – for introveka og resten av kurset – var Sølve Selstø.

Her er programmet for veka.

 

Vi brukte det meste av tida til å løyse diverse utfordringar i grupper. Til er det laga eit eige oppgåvesett.

Det kan forresten vere artig å sjå kva studentane fekk til då dei skulle «lime saman to bilder».

Vi kom innom mange rare tema denne veka. Men alle hadde med matematikk å gjere, og verktøyet MATLAB vil stod sentralt i alt vi gjorde.

Her kan du lese korleis du kan få installert MATLAB.

Før vi begynte på desse oppgåvene, jobba vi litt med oppgåver frå boka «Praktisk introduksjon til numeriske metodar», som vi også vil bruke i resten av kurset.

Vi fekk bruk for ein del MATLAB-kode for å kunne løyse oppgåvene. Desse kan lastast ned her.

I tillegg fekk vi bruk for nokre bildefiler.