MATLAB i
matematikk 1000.
I
kurset Matematikk 1000 skal vi mellom anna implementere numeriske metodar. Til
dette brukar vi MATLAB som verktøy. MATLAB kan brukast til mykje som har med
numerikk (tal og slikt) og grafisk framstilling å gjere. Det er nokså
brukarvenleg. Og for oss som studerer eller jobbar her på høgskluen, er det
gratis; institutta spanderer.
I
«førelesingane» fredagar vil vi gi ei lita innføring i dei mest elementære
tinga vi kan bruke MATLAB til – ting vi vil bruke i matematikk-kurset.
Vi
tar utgangspunkt i eit kompendium. Dette består av oppgåver som skal gjerast, ikkje lesast og ikkje
dokumenterast. Vi har forsøkt å gjere ting så grunnleggande at det skal vere
råd å få til for alle. Det er klart det er ein fordel å ha koda litt før, men
det er absolutt ikkje noko krav. For dei som har lyst på litt større
utfordringar, spør så skal de få litt meir å tygge på!
Vi
kjem stort sett til å følgje eit nytt kapittel kvar veke. Om du opplever at det
går for tregt, er det ingenting i vegen for å gå raskare fram. Om det går for
fort, er det ingenting i veg for å be oss lærarar om hjelp!
Til
alle oppgåvene er der detaljerte løysingsforslag; mesteparten av kompendiet består for det meste av løysingsforslag.
Vi
legg opp til at de brukar eigen pc/Mac i kursa. Dei som ikkje har høve til å ha
med eiga datamaskin, kan låne dette under MATLAB-førelesingane og
rekneøvingane. Vi har dessverre ikkje høve til å låne ut maskinar ut over
dette. Men MATLAB skal vere installert på dei fleste student-pc-ane på bygget.
Det
er også råd å laste ned MATLAB på mobil og nettbrett. Men eg er usikker på om
desse løysingane er funksjonelle nok til vårt bruk. Om du har erfaring med bruk
av MATLAB på nettbrett, vil eg gjerne høyre frå deg!
Korleis
du installerer MATLAB på di eiga maskin kan du lese her.
Om
du skulle få problem med installeringa, ta kontakt med Sølve. Det er viktig å få dette på
plass snarast.
Merk
at dersom heile installasjonen tar litt stor plass, kan du trygt nøye deg med å
laste ned berre «basic» MATLAB – det som står øvst på utvalsmenyen.
Nedanfor
finn du lenker til diverse skript som
vi kjem innom. Desse kan du kopiere og modifisere til eige bruk.
Kap 3: Plotting
FloOgFjaere.m Skript som lagar eit bestemt
plott
Kap. 5: Skript
PlotteSkript.m Skript som plottar visse
funksjonar
ABCformelV1.m Nokså simpel, ukommentert
versjon
ABCformel.m Kommentert, «idiotsikker»
versjon
TypeTal.m Ukommentert
Kap. 6: for-løkker
FinnSum.m Ukommentert
FinnSumKomm.m Same som over – men med
kommentarar
Halvering.m Halveringsmetoden
HalveringV2.m Versjon som brukar anonyme
funksjonar – litt meir fleksibel
Fakultet.m Funksjonsfil som implementerer
fakultetsfunksjonen
MaksFunk.m Funksjonsfil som finn maksimalt
element i ein vektor
Kap. 7: Likningar
HalveringWhile.m Halveringsmetoden
implementert med while-løkke
NewtonMetFor.m Newtons metode med for-løkke
NewtonMetWhile.m Newtons metode med while-løkke
NewtonMedPlot.m Implementering som
plottar tangentane.
FiksPunktFor.m Fikspunkt-iterasjon, for-løkke
SameBursdag.m Skript som løyser
bursdags-problemet, oppg. 7.3
TredjeGradSkript.m Skript som finn
løysinga av 3.-gradslikninga
TredjeGradFunkV2.m 3.-gradslikninga
implementert som funksjonsfil
Kap. 8: Numerisk
derivasjon
Folkevekst.m Lagar plott av folkeveksten på
1900-talet
NewtonForGammaVsExp.m Bestemmer
skjæringspunktet mellom ex
og Γ(x).
Kap. 9: Numerisk
integrasjon
RektangelSum.m Reknar ut ein Riemann-sum
(sum av areal av rektantel)
Trapes.m Trapesmetoden
Simpson.m Simpsons metode
PlottFeilInt.m Skript som plottar feilen
i estimata – brukar dei tre funksjonsfilene under
MonteCarloInt.m Monte Carlo-integrasjon
Kap. 10: Eulers metode
EulersMetodeFram.m Eulers metode
(framover)
EulersMetodeMidt.m Eulers
midtpunktsmetode
EulersMetodeBak.m Eulers
bakover-metode
Andre ressursar
(for spesielt interesserte):
Kort oversikt over det vi skal gjennom