I kurset Matematikk 1000 skal vi mellom anna implementere numeriske metodar. Til dette brukar vi MATLAB som verktøy. MATLAB kan brukast til mykje som har med numerikk (tal og slikt) og grafisk framstilling å gjere. Det er nokså brukarvenleg. Og for dykk som er studentar ved HiOA, er det gratis; fakultetet spanderar.

I «førelesingane» onsdag ettermiddag vil vi gi ei lita innføring i dei mest elementære tinga vi kan bruke MATLAB til – ting vi vil bruke i matematikk-kurset. Det vil ikkje vere noko utfyllande MATLAB-kurs. Men vi håpar at dei som synest det er spanande, vil kunne bruke dette som utgangspunkt for å lære seg meir.

Dei som har koda litt før, vil nok oppleve dette som ein fordel. Men vi legg opp undervisinga slik at dei som aldri har vert borti programmering i det heile, skal klare det heilt fint. For alle metodar vi kjem borti kjem det til å bli gitt løysingsforslag som de kan kopiere og justere til eige bruk, til dømes i samband med obligatoriske innleveringar. Matematikk 1000 er trass alt ikkje eit informatikk kurs; målet vårt er at vi skal klare å forstå korleis ulike numeriske metodar blir implementert. Vidare er MATLAB eit veldig nyttig verktøy innan lineær algebra.

Kurset er bygd opp rundt åtte leksjonar som vi kjem til å jobbe med veke for veke. Oppgåvene er ganske detaljerte; vi forsøker å forklare tydeleg kva som skal gjerast. Oppgåvesetta skal ikkje vere vanskelege; det er snakk om oppgåver som skal gjerast, ikkje grublast på. Difor, og på grunn av det seine tidspunktet, vil det bli lagt opp til ein heil del eigenaktivitet i «førelesingane». Sjølvsagt kan ein også få MATLAB-hjelp i rekneøvingane.

Dei som har lyst til å gjere oppgåvene i eit raskare tempo enn det det er lagt opp til, får sjølvsagt gjere det.

Vi legg opp til at de brukar eigen PC/Mac i kursa. Dei som ikkje har høve til å ha med eigen datamaskin, kan låne dette under MATLAB-førelesingane og rekneøvingane. Vi har dessverre ikkje høve til å låne ut maskinar ut over dette. Men MATLAB skal vere installert på dei fleste student-pc-ane på bygget.

Korleis du installerar MATLAB på di eiga maskin kan du lese her.


Leksjonar:
Leksjon 1, veke 34: Å komme i gong, dei ulike vindauga, MATLAB som kalkulator, tilordning
Løysingsforslag

Leksjon 2, veke 35: Indeksering av vektorar og matriser, komplekse tal
Løysingsforslag

Leksjon 3, veke 36: Plotting, litt om skript
Løysingsforslag
Skript:
Skript som plottar modell for flo og fjære

Leksjon 4, veke 37: Lineær algebra, rekkereduksjon, matrisemultiplikasjon, invertering, m.m.
Løysingsforslag

Leksjon 5, veke 38: Skript i MATLAB (+ if-satsar og funksjonar)
Løysingsforslag
Skript:
Skript som lagar eit plott (ukommentert)
Skript som undersøker om eit tal er heiltal, partal, positivt etc. (ukommentert)


Leksjon 6, veke 39: for-løkker, rekker, halveringsmetoden
Løysingsforslag
Skript:
Halveringsmetoden (ukommentert)
Halveringsmetoden i ei noko betre utgave
Implementering av halveringsmetoden som plotter grensene fortløpande

Leksjon 7, veke 40: Å løse likninger, Newtons metode, while-løkker
Løysingsforslag
Skript:
Newtons metode med for-løkke
Newtons metode med while-løkke
Implementering av Newtons metode der tangenter med nullpunkt blir plotta for kvar iterasjon

Leksjon 8, veke 41: Numerisk integrasjon
Løysingsforslag
Skript:
Simpsons metode (ufullstendig)
Skript som reknar ut ein venstre Riemann-sum (for ein regulær partisjon)
Implementering av trapesmetoden
Monte Carlo-integrasjon


Andre ressursar:
Kompendium frå Blindern
MATLAB Primer
Kort oversikt over det vi skal gjennom
’’Ordliste’’ over numerikk-omgrep